top of page

Om oss

P1000623_edited.jpg
P1000602_edited.jpg

Litt om
Bankvelv

Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang traff kvarandre på jazzlina ved Griegakademiet i Bergen og er saman Bankvelv. Med kjærleik for folkemusikk har dei fordjupa seg i Vestlandsspringaren, overført frå tradisjonell trekkspel og hardingfele til meir utforskande saksofon og gitar. Resultatet er energisk og leiken improvisasjon med stødig slåttespel som grunnlag. Prosjektet har det siste halve året hausta siger i både open klasse på kappleik og Jazz i Sikte-konkurransen i Bergen. Sistnemnte førte til vellukka konsert på årets Nattjazz. Med stødig samspel og sitrande speleglede lovar Bankvelv vestlandsslåttar på ein måte du aldri før har høyrt!

​

"Juryen vil trekke frem en lekenhet og et liv i vinnerens musikk. Samspillet utmerket seg og publikum satt trollbundet fra start til slutt." (Jazz i Siktet Jury, Verftet 13.04.23)

 

Heidi Kvelvane (23) er saxofonist med jazzutdanning frå Griegakademiet i Bergen, med base på Voss. Som ein impulsiv og initiativrik musiker har ho utmerka seg på den norske impro-scenen dei siste åra. Denne hausten står også fleire internasjonale reisemål for tur, der ho blant anna skal til Belgia for å spille med Terrie Ex og trommelegenden Han Bennink. Ellers er ho kjent frå bla. Vestnorsk jazzensemble, Paal Nilssen-Loves Large Unit, og Bergen big band, samt eigne prosjekt som Hallway Philosophy og sin eigen kvartett. Ved siden av saxofon speler ho trekkspel, og har vore under kyndig rettleiing frå Jo Asgeir Lie.

 

Symre Taugbøl Bang (21) frå Morgedal har studert utøvande jazzgitar ved Griegakademiet i Bergen og fullfører dei siste åra av musikkutdanninga si ved Noregs Musikkhøgskule i Oslo. Likevel er song, hardingfele og tekstskriving ein like stor del av hennar musikalske virke. I 2021 gav ho ut albumet “YMSE”, og ho jobbar for tida med album nummer to med band der Heidi òg er medlem. I tillegg til eigne konsertar, har ho varma opp for artistar som Thomas Dybdahl og Frida Ånnevik, og hatt prosjekt med Telemark Messingensemble. Folkemusikken har vore med heile oppveksten. 

Kontakt oss!

Tlf: +47 46815516

  • Facebook
  • Twitter
  • LinkedIn
  • Instagram

Gler oss til å snakke med deg!

bottom of page